A Page in the Aase-bok

Det er omtrent slik tittelen på bloggen er, det vert. Laurdag 20. september vert me herr og fru Page Aase. Dei fleste seier det er på tide, og dei har nok rett.

Me hadde nok et godt auge til kvarandre allereie den gongen Leif dro til Vik i Sogn for å sjå ho som skulle verte kvinna i sitt liv spele på “Dampen”. Ein jobb han sjølv skulle hatt, om han ikkje hadde skada seg i handa. Kva Tanya spelte hugsar me ikkje heilt, men det vart søt musikk. For sidan den helga i 1994 har det vore oss. Tanya og Leif. Draumefangarane.

Me er begge to litt “crazy”, men det er nok Tanya som tek ting mest på sparket, og likar å overraska. Ikkje lenge etter me vart saman var Leif på spelejobb i Hatfjelldal i nærheten av Mosjøen. Tanya sakna han så mykje at ho bestemte seg for å dra opp der. Problemet var berre å komma seg der. Det gjekk jo tog, men det gjekk fra Oslo. Det er langt frå Sotra til Oslo, men ein fetter av Leif skulle over fjellet og ho fekk haik. Toget rakk ho akkurat, men då ho sto på stasjonen på Trofors lurde nok ho litt. Den var ein knøttelita plass, men taxi hadde dei klokka fire om natta. Ho tok den til Hatfjelldal, og klarte utruleg nok å finna hytta til Leif.

Tanya overraska også Leif med å kjøpa barndomsheimen til ham. Ho gir ham eit spark i ræva, og Leif gjer ho roen. Vel, med ho er vel det begrensa kor rolig det vert…

Det er 15 år siden dei forlova seg. Det var sjølvsagt Tanya som fridde, mens Leif sto på scena og spelte. Først den i den siste tida fekk ho bekrefta at draumeprinsen svara ja. Men det gjorde han. Allereie den gongen.

Så kvifor gifta oss no? Etter 17 år saman. Det skuldast eit besøk i ein klesbutikk. Tanya skulle prøve ei kjole, og ba Leif kome inn for å sjå. Det var ei brudekjole. Nokre timar seinare var kyrkje tinga. Da vert bryllup. Ho i ei vakker kjole. Og riddaren hennar? Han kjem ikkje ridande på ein kvit hest, men han har kvite boots.

Det er starten på resten av livet saman. Eit liv som neppe byr på dei store forandringane. Me vi spela meir saman. Det er det kjekkaste me veit. Nyta dagane med barn og barnebarn. Me har eit godt liv, og no har me snart ringane til å bevise det. Arva fra slekta. Klar for ein ny generasjon til å ta i bruk. Eit ny side i historia om Aasane.

PS! Me kjem ikke til å ha nokon tale i bryllaupet, så dykk får sjå på dette som tala om dykk treng ein.

Me sjåast!

Leif og Tanya Page Aase

Takk for gåva – her er resultatet

I fjor hadde både mi kjære Tanya og eg runde bursdagar. Det var skipa til selskap, og det vart ein flott feiring. I staden for at me skulle få glas og anna me allereie hadde for mykje av, ønska me oss bidrag til å kunne spele inn ei ny plate. Eller to. Ein plate for kvar av oss.

Et lite glimt av coveret på den nye plata mi.

I januar dro eg 25 dagar til Nashville. Halvparten av dei gjekk med i studio hos Greg Perkins. Han har vore med på alle mine åtte plater eg har spelt inn der. Då eg dro hadde eg ein plan om å spele inn orginallåtar frå Nashville, men då eg kom bort sa Greg til meg at me burde prøva noko anna. Han ville at eg skulle spele inn ei roots/bluegrass-plate. Det tok ikkje så langt tid å få meg med på det.

Det er noko heilt anna enn eg har vore med på før. I heile livet mitt har trommar og steelgitarar vore ein del av musikken min. No var dei borte, men eg fekk spele gitar for første gong på plate der borte. Det var kjekt, og det freistar å gjera det igjen.

På søndag, altså 1. pinsedag, er resultatet klart for alle dykk. Då vert det plateslipp på Skipperstuen i Bergen. Eg håpar at mange av dykk som les dette vert med på dette, og eg vil samstundes takka alle som har vore med på å sørga for at eg kan gje ut denne plata.

Tanya og meg heime på Åse

Snart håpar me også at Tanya er klar med sin plate. Eg kan love dykk at den vert bra, og det er på tide at ho får gitt ut si første plate.

Me sjåast
Leifen

Eit halvt århundre – 33 av dei på vegen

Då nærmar den store dagen seg. På søndag er det altså 50 år sidan eg kom til verda på Sandviken sjukehus. 3. november 1963. Det er rart å tenkje på.

Mor mi, Solveig, dro meg med heim. I stova der eg sit og skriv dette no. Åse har nesten alltid vore heimplassen min. Det har vore «heimalanne», og kjem alltid til å vera det. Spesielt for ein som reiser så mykje som eg har gjort.

Lillebror Frode og eg fekk tidleg cowboyhattar
Me var åtte søsken, to av dei har gått bort. Det vesle huset her hadde ikkje plass til alle på ein gong, så me kom i to bolkar. Fire kvar gong. Likevel var det trangt, men me hadde det fint. Då eg vart fødd, var far min, Sverre, uteseglar. I dei tre første åra av mitt liv såg eg han ikkje. Han kom heim og vart steinarbeidar.

Før han gjekk i land, hadde han fleire turar til sjøs. Han kom heim med musikken som skulle forma heile mi karriere. Buck Owens var den første og største inspirasjonen min. Far spelte trekkspel, akkurat som uteseglaren Johannes Kleppevik song om. Det inspirerte både brørne mine og meg til å spele sjølv. Eg kan ikkje hugse at eg drøymte om noko anna enn å stå på ei scene.

Den første spelejobben fekk eg då eg var 17 år. Då hadde eg deltidsjobb på ein musikkbutikk i Bergen som heitte «Tangenten». Ein som var innom der, skaffa meg jobben. Spelejobben var på «Du Milde Måne». Eg hadde tatt på meg konfirmasjonsdressen for å sjå best mogleg ut. Eg hugsar at nokon søla øl på den, og det var ikkje noko kjekt. Sidan gjekk det slag i slag med spelejobbar.

Eg er far til Elisabeth, Camilla og Melissa. Flotte jenter. Så er eg «bonuspappa» til fire til. Familielivet er ikkje alltid like lett når ein er mykje på vegen. Eg har ting eg angrar på at eg gjekk glipp av med ungane, og eg skjønar godt at eksane ikkje syns det var like stas at eg var på vegen. 4. oktober vart eg bestefar for fyrste gong. Det var ei stor oppleving å sjå den vesle krabaten for fyrste gong.

Tanya og eg heime på Åse.
For 14 år sida møtte eg Tanya. Eg skulle ha ein spelejobb på «Dampen» i Vik. Eg hadde skada fingeren, og kunne ikkje spele. Men eg vart verande i Sogn. Tanya var vikar for meg, og resten er i grunn historie. Ho skjønar meg, og eg er særs takksam for at ho kom inn i livet mitt.

Dag Wolf og eg.
«Det gamle ekteparet» vart Dag Wolf og eg omtalde som då me var på turné i Danmark. Me møttes på gamle «Shanty» like ved busstasjonen. Han spelte steelgitar og ville vera med i bandet. Det fekk han. Dag er ein god venn, og ein vert alltid i godt humør av han. Dessutan er han den beste steelgitaristen eg kjenner, sjølv om det skal seiast at eg har spelt med mange som var særs dyktige.

Eg har vore frontfigur i nokre band, men for meg handla musikken aldri om stjernestatus. Då eg fekk spele med Teddy Nelson, Clive Scott og Johannes Kleppevik var eg berre så utruleg glad for å få sjansen. Dei var legender. På samme måte var det utruleg kjekt å spele med Vassendgutane. Alle var med på å gje meg store augneblikk i karriera. Sjølv om ingenting kan slå då eg fekk spele med Buck Owens i 1998. Då gjekk gutedraumen i oppfylling.

På Skipperstuen skal 50-årsdagen feirast
Det er ikkje så lenge sidan eg frykta at heile musikkarriera var over. Hjerneslaget for nokre år sidan endra meg. Det veit eg. Saman med gleda over å spele igjen, ligg alltid frykta for at det kjem igjen.

Eg speler ikkje rundt omkring i heile Noregs land meir. Eg må innrømma at frykta fortsatt styrar ein del, og at det føles tryggare å spele lokalt her i Bergen.

Det skal eg også gjere på 50-årsdagen min. Søndag står eg på scena på Skipperstuen. Eg kunne ikkje tenkje meg å vera nokon annan plass. Spelejobben der har eg hatt i gode og tunge stundar. Gjestane som kjem der er nok ein broka forsamling for nokre av dykk, men for meg er dei mine venner.

Der kjem direktørar og dei som slit. Der kjem gode venner og der kjem mange av dei som har vore med å prega karriera mi. Og det er der eg gjer det eg lev og åndar for. Nemlig å spele.

Me sjåast
Leifen

Tilbake til Vinstra og gjensyn med Rascal Flatts

Tidleg i år fekk eg ein hyggeleg telefon frå arrangøren av Countryfestivalen på Vinstra. Dei ville ha meg til å åpna festivalen onsdag, fredag og lørdag. Det vert andre gang eg får den jobben, og sjette gong eg speler på denne festivalen.

Det har blitt nokon countryfestivalar eg har spelt på i løpet av karriera.

Det passar meg godt å spele tidleg på dagen. Ein har eit publikum som høyrer etter og ein få tid til å sjå dei andre artistane spele seinare på dagen. For ein countrymann som meg, er det ein perfekt kombinasjon.

I år gleder eg meg ekstra mykje til hovudbandet på fredagen under festivalen. På mine mange reiser til Nashville, som dykk har lest om her i bloggen min før, har Fiddle and Steel Guitar Bar alltid vore eit fast innslag. Der har eg spelt og fått mange gode vener. Då eg var der i 1996 sat tre gutar på scena og spelte. Gary LeVox, Jay DeMarcus og Joe Don Rooney hadde danna bandet der på puben.

Dei kalla seg Rascal Flatts.

Du har kanskje høyrt om dei? Sidan den gongen er dei berre blitt større og større. I dag er dei blant dei mest populære countrybanda i verda. Noko dei fikk vist då dei spelte inn filmmusikken til Cars, eller Biler som den heiter i Norge.

Eg har dumpa borti dei et par gongar når eg har vore i Nashville sidan, og no gler eg meg til å slå av ein prat med dei igjen. Det er neste utruleg at dei tre som spelte der i baren no er verdskjent.
Dei spelar countrypop, som ikkje er heilt mi eigen countrystil, men eg syns det låtar bra. Så eg trur dei kan vera det musikalske høgdepunktet på festivalen.

Dei som kjem seg opp og høyrer på meg om formiddagen får ein heilt anna stil. Som regel vert eg spurt om å spele Teddy Nelson eller Johannes Kleppevik. Det skal dei få.

No vil eg ønske alle ein god sommar! Og hugs at eg speler på Skipperstuen også!

Me sjåast!
Leifen

På veg opp igjen

I dag er ein viktig dag. Ein dag på vegen tilbake etter hjerneslaget i fjor. Det er releaseparty på den nye plata mi på Skipperstuen, og eg sit med en kjensle på at dette er eit steg på vegen tilbake.

Kvar dag slår tanken meg om at eg kan få eit nytt hjerneslag, men tankane varer ikkje like lenge meir. Arbeidet med den nye CDen har vore godt for meg. Eit mål og samstundes noko eg har gjort før eg vart sjuk. Derfor er denne dagen spesiell.

Eg er ikkje veldig nervøs, men eg er nesten like glad som fyrste gong eg fekk gje ut eit album. Det var i 1989. Ein kassett med Country Action Band. Den gang som no, er releasepartyet på Skipperstuen. Sjølv om plassen heitte El Paso den gongen. Eg hugsar enno nervane frå den gongen. Dette er min ellevte utgjevelse, og nervane har roa seg.

No kjenner eg meir på gleda, som er ekstra stor i dag. Sjølvsagt på grunn av sjukdommen. Samstundes er eg litt spent på korleis plata blir motteken. Det er berre coverlåtar, men dei er gjort på mi måte.

I formiddag var eg inne på Skipperstuen og rigga til anlegget. No står ein god middag og nokre timar søvn på programmet. Så er det inn å spele.

Mange kjende kjem i kveld. Nokon har bestilt bord allereie. Det er godt å vite at dei er med med meg i kveld. Dei løftar meg opp, så då passar det bra at songen «Lift me» er med på plata.

Me sjåast!
Leifen

Samleplate i 500

Før eg reiste til Nashville vart det bestemt at eg skulle lage ei samleplate med det beste eg har spelt inn. I grunn hadde eg ikkje nokon planar om å laga ein slik plate før ein av dei faste tilhøyrerne mine på Skipperstuen kom med idéen.

Når først den kom opp, såg eg at det kanskje var på tide å gjere det. No har eg spelt inn åtte platar sidan 1994, og det finns jo artistar som brukar langt kortare tid på å lage ei Best of-plate. Fleire snakka om dette etter kvart, og de tolv sangane på plata er det dei som høyrer på meg som har plukka ut. Det kom opp til meg når eg spelte eller kom med innspel på fansida min på Facebook.

Så dette vart ei plate som det publikum har tatt styringa på, og eg syns dei har gjort ein god jobb. Planen var eigentleg å ta med den ferdigmiksa musikken heim til Norge, men då eg var i Nashville fann eg ut at det var kjekkare å komme heim med ei ferdig plate. Me tok bilder og laga eit cover. Så kom eg heim med 500 ferdige plater i kofferten frå USA.

Eg har bestemt meg for at det vert med dei 500. Eg syns det er nok, og så vert jo litt meir eksklusivt for dei som kjøpar den.

Planen er at det kjem ei ny plate i slutten av januar. Alt er spelt inn i Nashville, men det kjem eg tilbake til i ein seinare blogg.

Så vil eg berre ønske alle ei god juletid, og hugs at både eg og samleplata mi er å finne på Skipperstuen fleire dagar i jula.

Me sjåast!

Helsing
Leifen

Nashville! Her kjem eg!

No sit eg og trippar her heime og venter på at eg skal dra til Nashville for å spele inn plate igjen. Tirsdag klokka halv sju sit eg meg på flyet, så det spørs om det vert noko søvn i det heile tatt i natt.

Men eg håper det vert søvn på flyet. Når eg landar i Nashville står produsent Greg Perkins klar for å hente meg, og me dreg rett i studio. Me har ingen tid å miste, sjølv om eg skal bu der i tre veker. Eg skal både lage ein heilt ny plate, og ein med dei beste sangane eg har spelt inn fær. På det siste vert det nok ein del Johannes Kleppevik og Teddy Nelson på.

Trommisen, gitaristen og bassisten til countrystjerna Toby Keith skal vera med i studio. Dette er karar eg kjenner godt frå før. På den eine plata skal eg ha seks heilt nye låtar som produsenten har laga til meg, men også seks coverlåtar. Den eine av dei vert ”I love this bar” med Toby Keith. Den må eg nesten ha med når eg har med tre frå bandet hans i studio. Kjenner eg dei rett vert det nok litt speling saman på stampuben min i Nashville Fiddle and Steel også i løpet av tida eg er der.

Året som no går mot slutten har vore annerleis enn eg hadde trudd på mange måtar. Tida med Vassendgutane vart historie, men det er sjølvsagt hjerneslaget eg fekk som har forandra kvardagen min mest. Eg er fortsatt ikkje heilt der eg var før det skjedde, men legen har sagt at det er greit å dra til USA. Dette er litt som å starte livet igjen. I gong med det eg likar aller best: Musikken.

Eg må få takke alle som har gjort det mogleg for meg å lage nye platar. Familien har hjulpet meg mykje, og så er det tre sponsorar som har sørga for at det vert plateslepp i Bergen utpå nyåret. VVS Fag på Sotra, Sprengningsekspertene AS og Malermester Hope. Takk skal dykk ha!

Me sjåast!
Leifen

Rørande hyllest frå Nordhordland Country Club

Etter mange år som artist skal det litt til for å overraska meg, men Nordhordland Country Club klarte deg for to veker sidan.

Eg skulle spele på eit arrangement for dei på Westland Hotel, men hadde reist ut tidelgare for å få med meg kyrkjekonserten dei også arrangerte same dag. Det er flotte konsertar, og eg sat på galleriet i Lindås kyrkje og nytte musikken då overraskelsen kom.

Ut av ingenting troppa leiaren for Nordhordland Country Club, Steinar Kjenes, opp og ba meg komma ned til han. Eg skjønte ingenting, og lurte på kva dette var då eg fann veien ned til alteret. Steinar tok fram ein stor pokal dei hadde fått laga til meg. Kva som sto der kan dykk sjå på bilete under her.

Eg vart rett og slett rørt. Eg har spelt både for countryklubben og for medlemmar av den mange gongar, men noko slikt har eg aldri opplevd før. Det ga meg utruleg mykje å få ei annerkjenning frå «countryfamilien» min. Eg har fortsatt ikkje ord for det. Eg kan berre sei: TUSEN TAKK!

Slik såg pokalen ut

Seinare på kvelden var det speling, og eg hadde med meg ein av de verkeleg store innen countrymusikken her i distriktet. Egil Skjelnes er ei legende på steelgitaren, og det er alltid kjekt å få spele saman med han. Så helga var rett og slett ein einaste lang opptur for meg!

Egil og eg på jobb saman.

Helsing
Leifen

Verdas beste Randi

Det er på tida og heidra ei av mine største støttespelarar: Så denne bloggen er til deg, Randi Bøkevoll, som takk for alt du gjer for meg.

Randi og meg

Det er 20 år sidan eg møtte Randi for fyrste gong. Den gong, som no, var ho ei smilande dame og snill med alle ho møtte på sin veg. Men ho flytta frå Bergen, og me mista kontakten. Då ho kom tilbake og dukka opp på Skipperstuen for og høyra meg, vart kontakten fort tatt opp att.

Etter nokre gongar spurte eg om ho ville vera sjåfør for meg når eg hadde spelejobb. Randi er av typen som alltid seier ja, og det gjorde ho denne gongen også. Om eg tenkjer etter har eg aldri høyrt ho sei nei. Ho er rett og slett noko heilt for seg sjølv.

Randi stiller opp til alle tider, og får meg trygt til både spelestad og heim igjen til Tanya og ungane heime. Dei er trygg på at eg er i gode hender når Randi er sjåfør.

På Skipperstuen ser du ho gjerne strikkande mens ho høyrer på at eg speler. Gjestane veit at ho er ein kløppar med strikkepinnane, og bestiller stadig sokkar og andre ting av ho. Sjølv er eg varm om vinteren takka vera sokkane, lua og vottane ho har strikka til meg.

Randi rekk også og vera ein av adminstratorane på Facebook-sida mi.

Takk for ditt blide vesen og alt du gjer for meg, Randi!

Helsing
Leifen

Draumen om ny plate

Det har gått ei stund sida sist blogg, og eg takkar for alle gode helsingar eg har fått etter den. Eg er fortsatt sjukemeldt etter hjerneslaget, og har fortsatt berre våga meg på scena som gjesteartist. Framleis er redselen for at det kan skje igjen der. Samstundes er eg mykje roligare for kvar veke som går. Eg har fått nattesøvnen tilbake.

I forrige veke fekk eg en telefon frå mine vener i Nashville. Dei ville høyre korleis det gjekk med meg, og det var ein telefon som varma. Gjennom fleire turar for å spele inn plate har eg fått gode vener i countrymusikkens hovudstad, og eg saknar dei. Telefonen var ikkje berre for å sjekka korleis det gjekk med meg. Dei syns det var på høg tid at kom over for å spele inn ei ny plate.

Autografsignering frå sist gong eg hadde plateslipp.

I januar er det tre år sidan eg var der og spelte inn plate sist, og hadde eg ikkje hatt hjerneslaget hadde nok planane om ein ny tur vore klar allereie. Men sidan hjerneslaget har eg tatt vekk tanken om å reisa til Nashville for å spele inn noko. Telefonen fekk meg til å ta fram tanken og draumen igjen. Både fordi eg saknar venene mine i mitt andre heimland, og fordi eg trur det hadde vært godt for meg. Eg fekk beskjed om at musikarne til countrystjerna Toby Keith sto klar til å vera med på innspelinga også denne gangen, om eg kom.

Dess meir eg tenkjer på det, dess meir kjem lysta. Eg har faktisk allereie sjekka med legen om eg kan reise. Det ga han medisinsk klarering på. Så det er nok på tide å starta arbeidet med ein ny tur, og eg kjenner at det gjer meg energi.

Det er ikkje berre å reise bort og gå i studio. Det krev også ein del pengar for å komme heim att med ei ny plate i bagasjen. Eg skal begynne å gjera ein innsats for det no framover, og då er eg i gong. Sjølv om det er ikkje den kjekkaste jobben, men det er ei utfordring. Det treng eg no. Så om du kjenner nokon eller sjølv vil vera med å bidra er det berre å gje ein lyd. Kreative idear til korleis eg skal gå fram er også velkomen. Eg er ikkje nokon salgsperson, spesielt ikkje for meg sjølv. Det er å spele musikk eg er flink til. Men ta altså gjerne kontakt på telefon 905 01 263 eller ta kontakt på Facebook-gruppa mi om du vil hjelpe meg på vegen!

Helsing
Leifen

Leifs noter

Følges av 122 medlemmer.

Leif Aase (født 03.11.1963) fra Sotra er gitarist i og har spilt med alt fra Teddy Nelson og Johannes Kleppevik til Vassendgutane. I bloggen Leifs noter forteller han om livet på veien med bandet og hans mange andre musikkopplevelser. Les mer om Leif
Mer om sonen

Origo Leifs noter er en sone på Origo. Les mer
Annonse

Nye bilder