Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.
Vassendgutane og eg var på vegen igjen etter to veker fri denne helga. Det har vore godt å ha fri å vera saman med familien så lenge.
Familituren la me til Gol denne gongen. På Pers Hotel bada til og med eg. Kvart år reiser me ein tur til svenskegrensa. Det er tradisjon. Der kjøper me snop (godteri) til den store gullmedalje.
Men ein ting har satt ein dempar på ferien denne gongen: Det har regna, og regna, og regna, og regna…. Eg er så lei av det våte som kjem frå himmelen no at eg veit ikkje kva eg skal si. Samstundes kom det noko godt ut av det denne gongen.
For mens ho sat og så ut på regnet fekk sambuaren min, Tanya, ein idé. Ho ville rosemala gitaren min. Eg var ute eit ærend, så eg fekk berre ein telefon om ho fekk lov. Eg veit at ho er flink med penselen, så det var ikkje nei å høyra frå meg.
Ho malte den med sitt heilt spesielle mønster, og den vart akkurat så fin som eg trudde den skulle bli. Det vart faktisk så bra at eg henta gitaren eg har ståande i Vassendgutane-bussen også. Så ho fekk male den også. I helga fekk den «lufta seg» for første gong siden malinga vart gjort, og eg fekk mange fine kommentarar om den spesielle gitaren.
Sånn sett fant eg summarlukka. Heilt utan hjelp frå sola.
Helsing
Leifen
PS! Dykk fra Bergen og på Husnes. Håpar dykk kjem for å sjå på den nymåla gitaren når Vassendgutane spelar på Ricks fredag og Søralparken lørdag!
Dykk har nok allereie skjønt at eg er glad i USA. Nokon vil meina at det er fordi eg er i cowboy i sjela sjølv, men det er nok meir samansatt enn det. Mine fyrste musikalske idol var frå «over there», og dei var nok endå meir med på å skapa det lidenskapelege forholdet er har til USA.
Det er mange som er glad i landet, men eg veit ikkje om så mange andre enn meg som feirar 4. juli. Noko eg har gjort i fleire år. Til årets feiring hadde nokre kompisar skaffa meg eit endå større flagg, så då fekk me opp to versjonar av Stars and Stripes foran puben min heime. Til middag vart det sjølvsagt hamburgar. Det må nesten vera det på den nasjonaldagen.
I år var eg så heldig at eg fekk feira dagen med gode vener frå Rogaland. Jan Harald og Anne Elisabeth var kjekt selskap på dagen, og sjølvsagt vart det ein telefon til Alison på Fiddle and Steel Guitar Bar i Nashville. Det er fast tradisjon at ho og eg snakkar saman på denne dagen. Eg har enno sjølv til gode å feira nasjonaldagen der borte. Den krasjar litt med turnéplanar, kan ein sei. Men ein gong skal eg få den med meg.
Nokre dagar før, 1. juli, vart også Canadas nasjonaldag feira heime på Åse. Det lyt ein gjera når ein har sambuar frå landet. Eg var på tur med Vassendgutane den dagen, så eg fekk ikkje vera med på feiringa. Eg er på tur no også. I kveld spelar me på countryfestivalen på Vinstra.
Me sjåast!
Helsing
Leifen
Det meste er lettare om sommaren, også livet som musikar. Derfor er det ei herleg tid me har som musikare i Vassendgutane no.
Festivalsommaren er allereie i gong. Til helga spelar me på ungkarsfestivalen i Suldal, seinare i sommer vert det countryfestival både på Vinstra og i Seljord. Det er båtfestivalar og marknadsdagar. Allereie no kan er eg sei at det kjem til å vera strålande spelejobbar, der me møtar glade festestemnde folk. Ein merkar på publikum også at sommaren er komen. Folk er meir yre. Rett og slett.
Eg skulle ønskje at alle dykk fekk oppleva den kjensla det er å stå på ei utescene foran eit feststemd publikum. Det er berre heilt utruleg. Om ein nokre dagar er lei, så er det slike dagar ein vert minna på kvifor det er så kjekt å vera musikar.
Det er lett å forstå kvifor folk kosar seg på festivalar rundt omkring i landet no. Eg har sjølv vore ein av dei mange som har reist rundt på countryfestivalar. Spesielt til Breim. Det var på den tida eg køyrde amerikansk bil. Då var treffa like mykje biltreff som det var musikktreff. Hehe!
Ha ein strålande sommar, folkens! Heile turnelista til Vassendgutane finn du her.
Helsing
Leifen
Seint, men godt: Eg vil berre takka alle dykk som kom då bror min og eg hadde plateslepp i forrige veke. Det var ein koseleg kveld.
Kvelden starta med at både Frode eg vart henta i ein Cadillac Eldorado Cab frå 1974, så me kom med stil til Skipperstuen. Der var det så mykje folk at ein aldri skulle trudd at det berre var ein heilt vanleg onsdag.
Frode var fyrst ute. Han hadde med seg sin faste medspelar, Magne Lie. Da var kjekt å sjå brodern gje ut si fyrste plate! Da var på tide, Frode!
Eg må innrømma at eg sjeldan har vore så nervøs som eg var før det var mi tur til å gå på scena. Eg var litt usikker på dei nye tekstane, men som med alt anna var det berre å koma i gong. Det gjekk lettare når ei vart varm i stemma. Hehe!
Håper alle dykk som ville har plata signert fekk den signert. Hvis ikkje er det berre å svippa innom når eg spelar på Skippern.
Denne helga er det spelefri for Vassendgutane, men eg spelar både fredag og laurdag på Fosnavåg Brygge. Det vert både artig og litt rart å vera på tur aleina i bilen igjen. Håper nokre av dykk dukkar opp!
Helsing
Leifen
På grunn grunn av transportarbeiderstreiken vert det ikkje plateslepp i morgon på Skipperstuen, men eg lovar full sleppfest onsdag 2. juni på samme stad. Eg håper dykk kan måta opp.
Mens dykk ventar på å få høyra CDen kan dykk korte ned ventetida med å sjå på coveret på plata her. Har også tatt med min brors cover. Frode skal ha sleppfest samstundes med meg.
Det er første gong eg har plateslepp saman med familien, og Frode har laga ei flott plate. Han har spelt inn kjente og kjære coverlåtar av kjende artistar. Både country og gammalpop.
Så då har du dobbel grunn til å få med deg platesleppet på onsdag!
Vassendgutane reiser til Vallset og Strengen Brygge i Telemark denne helga.
Hilsen
Leifen
Torsdag 27. mai er det planlagt plateslepp for den nye CD-plata mi «L.O.V.E-mail» på Skipperstuen i Bergen. Eg gler meg stort, og eg kom plutseleg på kva historie studioet der den blei spelt inn hadde.
Det har seg nemleg slik at i huset der studioet ligg, var det eit begravelsesbyrå for afroamerikanarar før. Eg har tidlegare fortald at eg nok trur på det overnaturlege, og dei gongane eg vart sittande aleine i studio fordi produsent Greg Perkins var ute i eit ærend om natta, var eg ikkje høg i hatten. Eg er særs glad for at Greg hadde ein pitbull til å «beskytta» meg. Hehe!
Ein driv ofte på i studio frå seint på kvelden til tidleg morgon. Då er det godt å ha ein fast plass å gå for å kjøpe mat etter ei lang økt. Heilt sidan 1996 har eg gått til «Hermitage» for å få mat i kroppen. Eg anar ikkje kva mannen som lagar maten heiter, men han har vore der heile tida. Han er nøgd med at berre kallar han for sjefskokken, og sjefskokken var god å ha etter lange dagar i studio kan eg lova deg.
Eg har nevnt tusen gongar at Fiddle and Steel Guitar Bar er stampuben min i Nashville. Då eg kom over denne gongen hadde ein gammal kjenning fått jobb i baren der. Rick Tiger hadde skrive ein av låtane på den forrige soloplata mi, og til tross for at han hadde laga ein hitlåt for Joe Nichols som heitte «An Old Friend of Mine», jobba han i baren til Alison. Ein fin fyr.
Frå fredag vert det langhelg med Vassendgutane. Fredag skal me til Uskedal, laurdag reiser me vidare til Florø før me endar opp på Gursken stadion sundag 16. mai.
PS! Det er ikkje berre eg som skal ha plateslepp den 27. mai. Då skal også bror min, Frode, ha plateslepp for si soloplate. Den vart også spelt inn i Nashville samstundes med mi eigen plate.
Me sjåast
Leifen
Eg er akkurat på plass i Surnadal der Vassendgutane skal ha årets første utekonsert i kveld. Når ein ikkje er trøytt er det ikkje for mykje å ta seg til på hotellet. Ein vert liggande å tenke på ting. Mens eg venter på at plata mi vert klar går ofte tankane til Nashville.
Noko av det første me gjorde då me var i Nashville var å vera på 50-årsdagen til Greg Perkins, som er produsent på plata. Ein mann eg set stor pris på. Det samme er Monty Holmes som er ein låtskrivar av rang. Han traff eg då eg spelte inn den forrige plata mi i 2005, og nokre sko frå OBS på Sartor Senter førte oss tettare saman. Eg hadde nemleg på meg desse skoa då me traff kvarandre. Eit par sko til under hundrelappen. Monty vart fullstendig oppslukt av dei. Eg skjønar det ikkje, men det var visst noko med mønsteret. Då eg kom heim måtte eg kjøpa eit par til han, og sende dei til Nashville med ein liten lapp der det sto «Here’s your god damn shoes». Han brukar dei ennå, men berre i fine anledningar som Gregs 50-årsdag. Mitt par er kasta for lenge sidan.
På den same feiringa møtte eg Billy Aar for første gong. Det vart eit viktig møte for plata mi, som snart kjem ut. Han har tidlegare skrevet ein del songar for Faron Young, og denne kvelden song han «L.O.V. E-mail». Den likte eg med ein gong, og spurte om eg kunne få ta den med på den nye plata mi. Hadde eg ikkje kjent Greg Perkins, ville eg nok aldri fått ja. Men sidan eg var oppfatta som «ein av dei» svara Billy ja med ein gong. «L.O.V. E-mail» er tittelsporet på den nye plata mi.
To dagar før me reiste frå Nashville tok eg brødrene mine, som var med på reisa, med på ein jam-session på nattklubben Basement. Der dukka blant andre den verdskjende artisten Steve Wariner opp. Han snakka eg med første gong etter ein konsert han hadde på Tooties i 2005. Me traff også på Steve Cropper som er kjend frå Blues Brothers-filmane. Han ga eg faktisk den første kassetten eg nokon gong spelte inn til, då han besøkte Bergen i 1989. Men det hugsa ikkje han. Hehe!
No er det snart mat her, så får avslutta. Håpar eg ser nokre av dykk i kveld!
Me sjåast!
Leifen
I dag sende eg inn bileta til coveret på den nye plata mi. I løpet av nokre dagar vert dette gjort ferdig hos Cucumber i Bergen.Dei sender det ferdige arbeidet vidare til Bare Bra Musikk i Oslo, og i midten av mai er klart for plateslipp håpar eg.
Limousin må ein ha når man spelar inn plate i Nashville. Hehe!
Det er ei stund sida eg spelte inn plata i Nashville, og ventetida fra «masteren» kom til Norge og vidare til ferdig produkt er grusom. Det skuldast først og fremst at ein går rundt med sommarfuglar i magen og lurar på kva folk kjem til å meine om sluttproduktet. Det er jo noko man legg sjela si ned i å lage.
Dette tok Vassendgutanes turneleiar, Kåre Basso, sist helg. Det skal pryda forsida på platecoveret.
På denne plata er det ikkje berre god gammaldags country. Det er faktisk fleire stilar. Ein av dei er eg mest spent på er ein duett med Stella Parton (Ja, det er søstra til Dolly), som heiter «L.O.V.E. E-mail baby». Det er ein svinglåt, og det har eg aldri hatt det med på plate før. Eg håper dykk likar det den!
Stella Parton og eg
Eg har heldigvis nokre spelejobbar som kortar ned på ventetida. Både torsdag og søndag denne veka spelar eg på Skipperstuen. Vassendgutane spelar i Moss og på Lista denne helga!
PS! Eg må få lov til å ønska bror min, Frode, til lukke med 50-årsdagen! Synd eg ikkje kan vera med på feiringa!
Helsing
Leifen
Snøen er faren på Åse, og det betyr hagearbeid på den to mål store tomta mi. No verkar dette kanskje som starten på ein klagesong, men det er det ikkje. Faktisk er hagearbeid noko av det kjekkaste eg gjer.
Eg må erkjenna at det ikkje var like kjekt då meg og syskena mine vart tvinga ut i hagen av ho mor i barnsdommen. Men etter at eg kjøpte barndomsheimen på 80-talet såg eg gleda i hagearbeid. For meg er det rein terapi å gå der ute med blomsterplanting og byggeprosjekt. Der ute er det eg som er sjefen. Nokre gongar flyr berre tankane mine av garde, somme gonger er det ny musikk eg tenkjer på.
Denne veka har eg for alvor starta arbeidet med å rydda utanfor etter ein lang og snøfull vinter. I dag har eg køyrd fleire lass med boss vekk, og fått kjøpt meg litt jord. Eg skal ha fram alle dei flotte fargane før 17. mai. Det er tradisjon her ute no. Det er ikkje så lenge til graset er grønt på Åse.
Nokre byggeprosjekt er det kvar sommar. I år vert nok terrassen utvida igjen. Det er planen enn så lenge.
Men det mest keisamme kampen vert den samme i år som fleire år tidlegare, brunsneglen. Eg er så lei den, og eg tvilar på at dei har blitt færre sjølv om vinteren var hard. Eitt år plukka eg tre bæreposar med sneglar på ei natt. Neste natt var dei like mange. Eg har nok kapitulert for sneglane. Spesielt etter at eg nøgd la meg etter å ha fått nokre flotte blomar i hagen. Dagen etter var dei ete opp.
Noko gjer eg likevel. Eg rammar inn eigedomen min med grovsalt. Hvis veret er tørt held dei seg unna i ei veke, men dei vert jo ikkje vekke. Difor kjøpar eg stort sett blomar dei ikkje likar. Eit tips der kan vera knollbegonia.
Det vert også litt klargjering av syklar i desse tider. Det har eg gjort sidan eg var liten. Då eg var ni-ti år var eg heile bygdas sykkelreperatør. Tomahawk og Apache. Det var på dei tidane me hadde tøffe syklar!
Nei, no fer tida fort. I kveld og på søndag spelar eg åleine på Skipperstuen. Neste helg er Vassendgutane på spelejobb i Kristiansand og Sandnes.
Helsing
Leifen
For 20 år sidan spelte Lars Egil Vågseter og eg saman på El Paso, som Skipperstuen heitte tidlegare. På søndag feirar me jubileum på same plassen med mange gode vener.
Lars er veldig glad i meg! Hehe! FOTO: BA
Det er eigentleg rart at verda er så lite at me enda opp i Vassendgutane begge to, og fekk i så måte satt ny fyr i venskapen me hadde frå før. I 1990 spelte Lars sammen med Teddy Nelson på Du Milde Måne, men han hadde også nokre dager fri då han var i Bergen. Då vart det til at me spelte saman på El Paso, altså Skipperstuen i dag.
Lars er ein ypperleg steelgitarist. FOTO: KÅRE BASSO
Vassendgutane skal spela på Voss= og i Etne i påskeveka, og i staden for å reisa heim bestemte Lars seg for å bu hos meg medan me ventar i to dagar på at bandbussen kjem tilbake frå Ørsta. Då blei det naturleg å dra Lars med seg på Skipperstuen på søndag. Eg håpar at fleire av Bergens gode steelgitaristar som Dag Wolf, Egil Skjelnes, Svein Madsen og Harald Dyb tek turen også. Då har me samla mange legendariske steelgitaristar på ein plass, og då vert det mykje god og gammaldags country på dei som kjem for å sjå på.
Lars er ein av dei i landet som har spelt steelgitar lengst her i landet, og eg har enorm respekt for han både som menneske og musikar. Dessutan er han ein god historieforteljar. Dei av dykk som har sett (og høyrt, håpar eg) Dag Wolf og meg spele saman har nok fått merka at steelgitaristar har som regel talegåva i orden. Lars er ikkje noko unntak, og eg er sikker på at han kjem med ein god historie eller hundre i løpet av kvelden.
Saman på scena. FOTO: KÅRE BASSO
Før med kjem på Skipper’n på søndag skal Vassendgutane spele i Stavanger og i Øystese. Me sjåast! Yihaa!
Helsing
Leifen
Leif Aase (født 03.11.1963) fra Sotra er gitarist i suksessbandet Vassendgutane. I bloggen Leifs noter forteller han om livet på veien med bandet og hans mange andre musikkopplevelser. Les mer om Leif
Mer om sonen
Leifs noter er en sone på Origo. Les mer