Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.
Viser arkivet for desember, 2011 | ||
Like før jul kom eg heim fra den mest eksotiske spelejobben eg har hatt. Fleire veker i Thailand ga meirsmak, og eg håper eg kan bruka invitasjonen eg fekk om å koma tilbake ein gong.
Her er nokre bildar frå turen, så dykk kan sjå korleis eg hadde det.
TAKK FOR INVITASJONEN: Kalle Eide frå Sotra og vossingen Asle Norekvaal eig Villa Viking. Dei var eit fantastisk vertskap, og ga meg ei oppleving eg aldri vil gløyme. Kalle er no min thailandske manager. Hehe! Tusen takk, gutar!
HER BUDDE EG: 30 meter frå Villa Viking budde eg på Villa Benelux. Som dykk ser brukte eg crocs. Ikkje akkurat så flott, men det einaste som dugde i varmen. Eg skifta først når me mellomlanda i København på veg tilbake…
SPELEJOBB: Spelejobb på Villa Viking. Dei hadde berre eit lite karaokeanlegg, men jaggu vart det stemning likavel.
GJENSYN: Verda er ikkje stor. Heilt tilfeldig traff eg på Håkon Birkelund fra Sotra. Det er han som har laga plakaten min, som me står foran.
NY JAKKE: Når eg var i Thailand ville eg nytte sjansen til å få ein ny countryjakke i beste Buck Owens-stil. Denne er longcoat, og den gamle har Lars Egil Vågeseter i Vassendgutane overtatt.
NÅR EG FØRST VAR I GONG: Måtte jo ta eit bilde med den ferdige jakka og skreddaren og.
STORE JOHN: Eg spelte også på den irske puben Ryans Daugther der mannen i grønt, Big John, var sjef. Der likte dei ikkje nymotens country, og “Take me home, country roads” var det beste eg kunne synga til dei.
NETT SO HEIME: Uansett kvar eg spelar finn både hattar, parykkar og blomstarkransar vegen opp på scena til meg. I Thailand var det akkurat slik også.
INTERVJU: Denne journalisten frå ein av avisene i Phuket ville ha eit intervju med meg, men han vart i grunn mest opprørt over å høyra ølprisane heime i Noreg.
NATTVOGNA PÅ DAGTID: Slike vogner gjekk rundt heile døgnet med forskjellig mat på. Eg holdt meg til kylling, men ein kunne kosa seg med froskar og skorpionar også om ein ville. Eg sleit med matforgiftning ein av dagane. Då gjekk eg fra scena og ut for å spy mellom kvar sang, men da gjekk no bra.
Vel no har dykk fått eit lite innblikk i korleis eg hadde det i Thailand. Ha ei fortsatt god jul, og eit strålande nytt år! Ikkje gløym at Vassendgutane speler på Ricks i Bergen i kveld, og på Old River Saloon i morgon. På søndag er eg tilbake på Skipperstuen!
Leifen