Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (tirsdag 7. februar). Les mer om roperten…
Eg har fått eit oppdrag eg ikkje kunne seie nei til. Marshall Law skal til Norge denne våren, og eg skal vera med i bandet hans. Truleg kjem han i mai. Enno er det ikkje bestemt kor lenge han blir her eller kvar me skal spele. Marshall spelar såkalt outlaw-country, i same stil som Waylon Jennings.
Eg må innrømma at eg ikkje hadde høyrt så mykje om Marshall Law før eg fekk tilbodet om å vera med på turnéen her, men sidan har eg sjekka han litt opp. No gler eg med til å spele med ham.
Marshall Law er kjent som The Wild Man-countryrocker. Rykta seier at han har levd opp til kallenamnet fleire gongar. Han er oppvaksen i Louisville i staten Kentucky. Marshall var sonen til en baptistprest, men gjorde fort opprør mot faren. Han var rett og slett ein rebelsk ungdom. Men musikken tok over, og sidan han fekk sin første gitar då han var 14 år, var kursen fastlagt. Nett som meg lærte han seg sjølve å spela gitar.
Når han hadde meistra gitaren, gjekk han i gong med å laga sin eigne sangar. Han danna sitt eige band, og spelte både på garasjefestar og festivalar. Kursen var satt. Marshall skulle spela country.
Energien villmannen lagar på scena er viden kjent. Det er publikummet heime i USA også kjend for. Dei seier at det alltid vert «hæla i taket», når Marshall speler. Han har gitt ut fire CD-ar, og er med i fleire band. Til oss kjem han som soloartist, og eg skal altså vera med i oppvarmingsbandet. Dei seier at han har roa seg litt ned på det siste albumet «Anything For You», men me skal nok spele mange av de gamle rocka countrylåtane hans også.
Eller vert det faste oppdrag fremover. Kvar torsdag og søndag finn du meg på Skipperstuen i Bergen, og i helga vert det speling på Public Bar fredag og i baren på Westland Hotel på lørdag. Bror min, Frode, har også hyra meg inn til nokre gjesteopptredenar for hans Good Reason Band.
Me sjåast!
Leifen
Kommentarer
Blir det konserter i Bergen eller distriktet rundt? Må jo sjekke ut dette her…