Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.

Verda for mine føtter

No har dei fleste fått med seg at eg ikkje skal spele meir i Vassendgutane, og eg må nytte sjansen til å takke for alle god telefoner og tekstmeldingar eg har fått den siste veka. Det har varma utruleg, og eg set stor pris på det.

TAKK FOR NO: Bildet er frå siste spelejobb i Bergen med Vassendgutane, og det er tatt av BA-fotograf Eirik Hagesæter

Men ein kan ikkje kvile på gamle bedrifter. Det er på tide å sjå framover, og gå tilbake til det livet eg hadde før Vassendgutane. Ein trubadur på tur igjen. Eg var ikkje 18 år fyste gongen eg hadde spelejobb på Du Milde Måne i Bergen. I kring 30 år har eg levd som musikar, og eg har ingen planar om å gje opp det livet.

Åra i Vassendgutane har vore gode og stabile. No må eg ut og ”selje” meg sjølv igjen for plassar med levande musikk. Det har eg i grunn aldri vore veldig glad i. Det er vanskelig å skulle snakka fint om seg sjølv, men heldigvis er det mange som kjenner med etter alle disse åra. Enno har eg ikkje starta skikkelig med jobben med å få spelejobbar, men i løpet av denne månaden vert eg nok meir aktiv på det. Så då sjåast me kanskje på ein pub nær deg?

REUNION? Det hadde vore kjekt å spele saman med Country Action Band igjen, blant anna med min god venn Dag Wolf.

Eg har også sysla litt med tanken om å setje i hop mitt gamle band Country Action Band på enkelte festivalar. Det er meir sosialt å spele i band, og det kjem eg nok til å sakna. Eg er ikkje frammand for å verte gitarist i andre band som treng det heller. Framtida får vise kva som skjer. Ein har jo i grunn heile verda for sine føtter no.

No dreg eg straks på spelejobb på Skipperstuen. Der skal eg spele kvar torsdag og søndaf fremover, som vanleg. I morgon og på laurdag skal eg også spele der, og får med meg mi kjære Tanya. Så det vert ekstra stas! Håper at eg får sjå nokon av dykk der!

Me sjåast
Leifen

Vist 759 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Exclamation_desat_24

Synd du skal gi deg i Vassendgutane.Godt du ikke skal gi deg helt med musikken.Får stikke innom Skipperstuen en kveld.

Exclamation_desat_24

Du slapp altfor lite til som vokalist med Vassendgutane,sjølv om du er mykje bedre å synge enn dei.Hadde vore kjekt om du og Wolf kunne gjenforenast.Kanskje det kan bli trubadurspeling på Verkstaden Bistro,Ikornnes ??
Skal tipse broderen om det.Den neste som må gå er vel Lars,som bor så langt vekk som i Molde.Då kan heile bandet leggast ned.Lukke til vidare ! Du blir nok ikkje arbeidslaus-det er mange utover landet som vil ha God Countrymusikk.

Annonse

Nye bilder