Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (onsdag 23. november 2011). Les mer om roperten…

Draumejobben

På mandag dreg eg til min mest eksotiske spelejobb nokosinne. I 14 dagar skal eg spele på norske barer i Thailand. For meg er det ein draumejobb!

Eg har aldri vore på den sida av verda før, så eg er veldig spent. Det er ein kompis frå Sotra som har overtalt meg til å ta jobben. Han skal ned der samtundes, så då passa det veldig bra å vere med.

For å vera heilt ærleg, veit eg ikkje kva som ventar meg der nede. Men eg gledar meg. Dei ba meg om å ta med ekstra mykje norske sangar, så eg har øvd inn nokon nye til anledningen. Dei skal få både Teddy Nelson og Johannes Kleppevik. Eg skal spele på forskjellige barar i Phuket når Patong Beach. Den første plassen heiter Villa Viking, eg er også booka på Harrys. Så får me håpa at eg vert godt mottatt.

Det næraste eg har vore Thailand før er dette hodeplagget eg fekk i gåve ein gong Hehe!

Det er spelepause for Vassendgutane i denne perioden, og difor tek eg sjansen på ein tur utanom det vanlege. Så vert det tilbake til det gamle og gode når eg kjem tilbake. Eg håpar det vert like fint som dei seier det skal bli, så eg kjem tilbake brun og fin. Hehe!

Eg har klær til vinteren når eg kjem tilbake også!

Før eg dreg skal eg spele på Skipperstuen i morgon. På laurdag kan dykk høra meg på UtenRicks i Knarvik, før det vert avslutningsfest på Skipperstuen søndag. Dei har fått ein knakande god vikar når eg er vekke, bror min Frode tek over. Det vert bra!

Me sjåast!
Leifen

PS! Vassendgutane har jo ein sang om Thailand også, når eg tenkjer meg om:

Vist 225 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder