Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.

De fem beste brune pubane

I eit langt liv som trubadur har eg nok spelt på over 1000 pubar her i landet. Nokon av dei har eksistert i kortare perioder, mens andre serverer øl til tørste stamgjestar enno. Mange av dei har vore det ein kallar brune pubar. Her serverast øl til stamgjester, levande musikk på ei ikkje altfor stor scene og stort hjarterom.

Fem av dei eg hugsar aller best, og som serverer kundar enno er desse:

Skipperstuen, Bergen
Execellent, El Paso, Showboat og Bangla. Skipperstuen har hatt mange navn, men stort sett dei same gjestane. Eg har spelt her nesten heile tida. Det er puben min. Her kjenner eg nesten kvar gjest, og veit kva songar dei forventer seg i løpet av kvelden. I baren står svigerinna mi, og resten av personalet kjenner eg også godt. Nesten kvar einaste torsdag og søndag spelar eg har, og eg hadde ikkje gjort det om eg ikkje trivs så godt. Her er det rom for alle. Frå Tore Tang til direktør Carlsen. Skuespelarar, journalistar og andre musikare er også innom. Levande musikk fem dagar i veka. Det er rett og slett min type plass.

På spelejobb på Skippern

Sir Toby, Haugesund
Huset ser forfallent ut når ein kjem mot det, men det er godt brukt. Eg spelte mykje på denne puben på 90-talet. Den ser gjerne ikkje så flott ut på utsida, men kjem du inn er det ein flott atmosfære. For meg handlar slike brune pubar om stamgjestane, dei som serverer og levande musikk. Det er flotte folk på alle plassane eg skriv om no. Sjølv om det er nokra år sidan eg spelte på Sir Toby sist, er eg alltid innom når Vassendgutane spelar i Haugesund. Der treff eg mange av de same som eg såg då eg spelte der.

Mack Kjelleren, Haugesund
Nok ein plass med mange stamgjestar. Det er nok mange bergensarar som har tatt båten til Haugesund og gått rett inn på Mackkjellaren, som ligg like ved sida av kaien. Her er det mange musikare som går fast, og eigaren Einar er ein flott fyr som tek vare på plassen. Faktisk er det Einar som arrangerar, saman med andre, dei fleste av konsertane til Vassendgutane i Haugesund.

Gutenberg, Åkra
Det vert tre pubar fra området rundt Haugesund, men det var fordi eg spelte så mykje i dette området før i tida. Dette er også ein pub etter mitt hjarte. Minner om ein amerikansk saloon, med benker og store bord. Her er det også mange stamgjestar, og enkelte av dei helgane eg spelte der fekk ikje alle som ville komme inn. Så populær var plassen. Det er ein stad med sjarm.

Norlænningen, Bodø
Den siste brune puben eg vil nemna finn me i Bodø. Norlænningen ligg nede i ein kjellar. Eit langt lokale, som får tankene til ein ølhall. Her spelte eg ei hel veke om gangen, og hugsar at det var lange jobbar, sidan plassen ikkje stenger før halv fire. Uansett ein plass med stor sjarm, godt humør og flott gjestar. Her trur eg du finn alt fra studentar til dei meir hardbarka folka i byen.

Ta dykk ein tur på nokre av disse plassane om dykk skulle være i nærleiken. Dei er absolutt verdt eit besøk.

Helsing
Leifen

Vist 2888 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder