Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (mandag 19. september 2011). Les mer om roperten…
Hei!
Det har vore ei travel tid, og eg beklagar at eg ikke har fått laga blogg i det siste. Men no er hausten komen, og eg syns det ville vere fint og mimra litt om sommaren no. Sjølv om det har regna mykje vart det en minnerik sommar for meg. Det skuldast alle dykk som har dukka opp på konsertane våre med Vassendgutane, og nokre minnerike møter med flotte countryartistar.
I Breim traff eg Billy Yates. Han var låtskrivar for countrylegenda George Jones. Då me spelte Ungkar med dobbeltseng, sto han bak scena. De som var der fortalde meg at han lyste opp: They’re plaing my song! Det var nemleg Billy som skreiv orginalen, Lone Ranger. Etter konserten tok eg meg en lang prat med han, og då kom det fram at han også var låtskrivar på Choices, som nokre av dykk kjenner som Siste dans med Vassendgutane.
I Breim var også dattera til George Jones, Georgetta. Ho vart også glad for å høyre farens sangar på norsk. Eg hadde faktisk møtt ho, heilt tilbake i 1996. Det var i Nashville, og då eg minna ho på det lo ho godt. Ho var jo berre barnet den gong!
Siste festivalen vi var på denne sommaren var i Lofoten. Der kom også sommarens høgdepunkt. Heilt sidan ein av brødrene mine tok med seg ei plate med Buck Owens heim fra USA har eg vore fan av han. Buck har vore ein inspirasjon for meg i heile karriera. Då me var i Lofoten skulle også sonen hans, Buddy Alan Owens, spele der. Eg traff han tilfeldig i resepsjonen på hotellet me budde. Det vart ein lang og god prat. Konserten hans var også ei stor oppleving. Ikkje berre såg han ut som faren, han sang som han og. Rett og slett ei hellig stund for meg!
Sommaren er over, og hausten er komen. Denne månaden har eg fått tre triste beskjeder om musikkameratar som er gått bort. Egil Gille Larsen var landets beste tolkar av Waylon Jennings, og det er trist at me ikkje får høyra han igjen. Den engelsk-amerikanske duoen Smooth Brother var ofte i Bergen. For nokre veker sidan døde både Tim Wright og James Exzell i løpet av kort tid. Me vi gjerne hylle dei med ei minnekonsert på Skipperstuen 29. september. Rest in peace, mates!
Helsing
Leifen