Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (onsdag 6. juli 2011). Les mer om roperten…

Årets travlaste månad

For nokon er juli månad ferie, men for meg har det alltid vore dei travlaste vekene i heile året. Slik er det for de fleste som speler country.

Sommaren er festivaltid, og 2011 er ikkje noko unntak. Vassendgutane har allereie spelt på fleire festivaler, og no kjem dei på rad og rekkje fremover.

Akkurat no er det berre minuttar att før me skal spele i Allsang på Grensen. Programmet kan du sjå på TV 2 i morgon. Kryssar fingrane for at det vert bra.

I morgon går turen vidare til countryfestivalen på Vinstra, før Eidfjord og Motangen ventar resten av helga. Neste veke er me like mykje på vegen. Då er det VG-lista i Bergen på onsdag, båtfestival i Ålesund, countrytreffet i Brem på fredag før me avsluttar i Åndalsnes på laurdagen. Helga etter er det countryfestival i Ose og Koppangmartn. Siste helga i juli spelar mer på countryfestivalen i Seljord. Programmet er med andre ord tettpakka.

De to første vekene i august er det heldigvis ferie. Det treng ein etter mange konsertar i juli. Då skal eg rett og slett berre slappa av. Nyte livet med familien og ta meg ei veke på tur. Den tida er noko eg ser fram til kvart år. Alle festivalspelinga er med å gje sommarkjensla kvart år, og då veit ein at ferien kjem etterpå.

Men etter nesten tre veker uten speling med resten av gutane er det alltid godt å sjåast igjen. Då klør ein i fingrane etter å spele saman igjen.

Ha ein flott festivalsommar!

Helsing
Leifen

Vist 1907 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder