Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (onsdag 12. januar 2011). Les mer om roperten…
Det er ei stund sidan eg har skreve noko på bloggen her no, men dagane går så altfor fort rundt jul og nyttår at det vart rett og slett ikkje tid. Men her skal dykk få ei oppsummering av dei siste vekene.
Tradisjonen tru snødde me inne på Åse. Eg har ikkje fått noko meir sans for snø enn eg hadde sist vinter, men måking vart ikkje like ille denne gongen sidan eg hadde fått nytstrikka labbar og vottar frå min ven – og faste sjåfør – Randi Bøkevoll til jul (eller Randi Spøtevoll – som eg kallar ho). Gåva gjorde måkinga betre enn sist vinter.
Vassendgutane hadde også sin vanlege romjulsturne. Veldig kjekt med mykje folk. 2. juledag hadde me med oss Steinar Engelsbrektsson Band – og det var hyggeleg.
Både julaften og nyttårsaften vart feira heime på Åse. Eg lage svineribbe til julaften. Har aldri vore noko stor fan av pinnekjøtt, for å vera heilt ærleg. På nyttårsaften var det Tanya som sto på kjøkkenet. Ho laga kalkun til seg og ungane, men eg var så lei av kjøtt at det vart fersk torsk på meg. Det var kanongodt!
I helga spelte eg igjen med min gamle ven, Dag Wolf. Me kallar oss fortsatt for det gamle ekteparet, og har det utruleg kjekt på scena saman. Det er ikkje så ofte me får spele saman lenger sidan eg ofte er opptatt med Vassendgutane og han med Åsmund Åmli Band og andre. No til helga spelar han forresten saman med Jan Ove Johansen frå Gledeskompaniet på Skipperstuen. Fredag og lørdag.
Jens Petter Dyrdal fra bandet Kruttrøyk var komen frå Førde for å sjå Dag og eg spele i helga.
På søndag hadde Tanya bursdag, og kom inn på Skipperstuen der eg spelte. Vi spelte nokre låtar saman, og koste oss. Det hadde vore ein perfekt kveld om ikke to (!) hjul hadde punktert på vegen heim…
Helsing
Leifen
Kommentarer
koselig blogg..savna bloggen din nu:D
punterte på tu hjul?åssen går det ann da+:D
Godt nyttår,selv om det er i seneste laget.Det viktigste er vel at jeg mener det.