Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Askøy og bergen360 (mandag 18. oktober 2010). Les mer om roperten…
Det er ikkje til å stikka under ein stol at Vassendgutane og konsertane våre ofte er bunden med en skikkeleg god fest også. Men me har også mange yngre fans, som sjeldan får sjå oss i levande live. Heldigvis har me nokre familiekonsertar i løpet av året, og det skal me ha på fredag i Askøy Forum – like utanfor Bergen.
På familiekonsertane er øl og vin bytta ut med brus og kaffi, men ellers er det ikkje så stor forskjell. Ungane er like flinke til å skapa stemning som dei eldre me skal spele for seinare på kvelden. Dei syng med på sangane, og jublar like mykje når favorittane deira kjem. I løpet av ein kveld med familiekonsert og ein vanleg konsert kan me oppleve og ha spelt for folk fra to til 80 år. Det er kjekt.
Familiekonsertane er også ein moglegheit for minstedattera mi til å sjå faren i aksjon. Ho skal ha med seg fleire venninner også. Melissa har vore på ein konsert med Vassendgutane tidlegare. Ein familiekonsert i Knarvik for nokre år sidan. Eg syns det er kjekt å vise ho kva eg gjer på.
For meg vert fredagen ekstra travel. Først familiekonsert, så skal eg varme opp til Vassendgutane-konserten for dei voksne seinare på kvelden, og den skal jo også spelast. Håper mange tek turen. Me sjåast!
Helsing
Leifen
Kommentarer
koselig skrevet,leifern:D
Dette blir moro,Leif!
Snakkes til helgen………