Skipperstuen - den andre heimen

Eg får titt og ofte spørsmål om kvifor eg spelar på Skipperstuen fortsatt. Korleis kan det vera motiverande å gå fra ein konsert med Vassendgutane med fleire tusen tilskodarar den eine kvelden til å stå på Skipperstuen den neste?

Svaret er kort og godt at eg likar meg for godt der til å skulle slutte med det. Dei ansatte og gjestene er blitt som ein del av familien min. Eg synes kort og godt at det er topp å spele der. Dessutan er det annerleis enn konsertane med Vassendgutane. På Skipperstuen kan eg reindyrke countrystilen.

Eg har spelt på Skipperstuen i 23 år. Den gongen heitte plassen El Paso, og kvar måndag var det direktesendt radioshow med Paul Winther der. Det var stort for ein ung mann som meg å få spela direkte på radioen. I yngre dagar var spelejobbane der med på å halde liv i meg. Dei var ein sikkerhet.

Minnene fra tida på Skipperstuen er mange. Alle dei faste gjestane og de som jobbar der står bak mange av dei. Mange har støtte meg heile veien, og eg er utruleg takksam for det. Det er faktisk slik at dersom nokon av stamgjestane vert vekke for lenge må eg senda dei ei tekstmelding for å høyra om dei har det bra.

Det har også vore mange vittige og store musikkopplevingar gjennom alle åra eg har spelt der. Sissel Kyrkjebø har blant anna vore på scena og sunge med meg. Det skjedde i utrikkningslaget hennar før bryllaupet til Eddie Skoller. Ho sang John Denvers «Country Roads». Eg visste ikke kven det var før etter at ho var ferdig. Dei hadde nemleg kledd ho opp i et sjørøvarkostyme.

Et musikalsk høgdepunkt var på 1980-tallet då det populære bandet Ozark Mountain Daredevils var i Bergen Dagen før kom dei innom Skipperstuen, og jaggu kom dei opp på scena med utstyr og alt til Dag Wolf, som no spelar i Åsmund Åmli Band, og eg. Det var ein meget minnerik kveld.

Gutane i Vassendgutane er alltid innom Skipperstuen når dei er i Bergen. Både Sindre (Aam) og Arthur (Bjørdal) har vore på scena der. Det vert jo ein del låtar av Vassendgutane i løpet av ein kveld der også.

Bluesmusikaren Pål Gudmundsen sa for mange år sidan at plassen ikkje heitte Skipperstuen, men «Onkel Leifs». Sidan har det vore navnet på plassen for mange musikarar her i byen. Eg syns det var eit vittig kallenavn, men han har jo rett då…

I kveld er det ny konsert på Skipperstuen. I morgon dreg eg med Vassendgutane til Kristiansand og Stavanger. Det er berre å ta turen på Skipperstuen, og hvis du gjer det må du gjere som dei andre, dersom du vil høyra ein spesiell låt: Kom opp og be meg spele den. For når eg spelar der, er det gjestane sin ønskekonsert!

Hilsen
Leifen

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene
Vist 466 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Heisann Leifen :-)
grattulerer med en super side.
skal snart ta turen innom skippern igjen lenge sia nå,
lykke til videre
klem fra meg

Hjelpe meg som tiden flyr!!

El Paso ja….Det var tider det Ler

Søndagspilsen smaker på Skipper’n.

Annonse

Nye bilder