Se også: Desibel – konsertkalenderen for Bergen. Egen kalender for klassisk, kor, opera. Hovedkalenderen for alt som skjer i Bergensområdet finner du på bergen360.no.

På tur med Marshall Law

Eg har fått eit oppdrag eg ikkje kunne seie nei til. Marshall Law skal til Norge denne våren, og eg skal vera med i bandet hans. Truleg kjem han i mai. Enno er det ikkje bestemt kor lenge han blir her eller kvar me skal spele. Marshall spelar såkalt outlaw-country, i same stil som Waylon Jennings.

Eg må innrømma at eg ikkje hadde høyrt så mykje om Marshall Law før eg fekk tilbodet om å vera med på turnéen her, men sidan har eg sjekka han litt opp. No gler eg med til å spele med ham.

Marshall Law er kjent som The Wild Man-countryrocker. Rykta seier at han har levd opp til kallenamnet fleire gongar. Han er oppvaksen i Louisville i staten Kentucky. Marshall var sonen til en baptistprest, men gjorde fort opprør mot faren. Han var rett og slett ein rebelsk ungdom. Men musikken tok over, og sidan han fekk sin første gitar då han var 14 år, var kursen fastlagt. Nett som meg lærte han seg sjølve å spela gitar.

Når han hadde meistra gitaren, gjekk han i gong med å laga sin eigne sangar. Han danna sitt eige band, og spelte både på garasjefestar og festivalar. Kursen var satt. Marshall skulle spela country.

Energien villmannen lagar på scena er viden kjent. Det er publikummet heime i USA også kjend for. Dei seier at det alltid vert «hæla i taket», når Marshall speler. Han har gitt ut fire CD-ar, og er med i fleire band. Til oss kjem han som soloartist, og eg skal altså vera med i oppvarmingsbandet. Dei seier at han har roa seg litt ned på det siste albumet «Anything For You», men me skal nok spele mange av de gamle rocka countrylåtane hans også.

Eller vert det faste oppdrag fremover. Kvar torsdag og søndag finn du meg på Skipperstuen i Bergen, og i helga vert det speling på Public Bar fredag og i baren på Westland Hotel på lørdag. Bror min, Frode, har også hyra meg inn til nokre gjesteopptredenar for hans Good Reason Band.

Me sjåast!
Leifen

Verda for mine føtter

No har dei fleste fått med seg at eg ikkje skal spele meir i Vassendgutane, og eg må nytte sjansen til å takke for alle god telefoner og tekstmeldingar eg har fått den siste veka. Det har varma utruleg, og eg set stor pris på det.

TAKK FOR NO: Bildet er frå siste spelejobb i Bergen med Vassendgutane, og det er tatt av BA-fotograf Eirik Hagesæter

Men ein kan ikkje kvile på gamle bedrifter. Det er på tide å sjå framover, og gå tilbake til det livet eg hadde før Vassendgutane. Ein trubadur på tur igjen. Eg var ikkje 18 år fyste gongen eg hadde spelejobb på Du Milde Måne i Bergen. I kring 30 år har eg levd som musikar, og eg har ingen planar om å gje opp det livet.

Åra i Vassendgutane har vore gode og stabile. No må eg ut og ”selje” meg sjølv igjen for plassar med levande musikk. Det har eg i grunn aldri vore veldig glad i. Det er vanskelig å skulle snakka fint om seg sjølv, men heldigvis er det mange som kjenner med etter alle disse åra. Enno har eg ikkje starta skikkelig med jobben med å få spelejobbar, men i løpet av denne månaden vert eg nok meir aktiv på det. Så då sjåast me kanskje på ein pub nær deg?

REUNION? Det hadde vore kjekt å spele saman med Country Action Band igjen, blant anna med min god venn Dag Wolf.

Eg har også sysla litt med tanken om å setje i hop mitt gamle band Country Action Band på enkelte festivalar. Det er meir sosialt å spele i band, og det kjem eg nok til å sakna. Eg er ikkje frammand for å verte gitarist i andre band som treng det heller. Framtida får vise kva som skjer. Ein har jo i grunn heile verda for sine føtter no.

No dreg eg straks på spelejobb på Skipperstuen. Der skal eg spele kvar torsdag og søndaf fremover, som vanleg. I morgon og på laurdag skal eg også spele der, og får med meg mi kjære Tanya. Så det vert ekstra stas! Håper at eg får sjå nokon av dykk der!

Me sjåast
Leifen

Smilande tilbake frå "Smilets Land"

Like før jul kom eg heim fra den mest eksotiske spelejobben eg har hatt. Fleire veker i Thailand ga meirsmak, og eg håper eg kan bruka invitasjonen eg fekk om å koma tilbake ein gong.

Her er nokre bildar frå turen, så dykk kan sjå korleis eg hadde det.

TAKK FOR INVITASJONEN: Kalle Eide frå Sotra og vossingen Asle Norekvaal eig Villa Viking. Dei var eit fantastisk vertskap, og ga meg ei oppleving eg aldri vil gløyme. Kalle er no min thailandske manager. Hehe! Tusen takk, gutar!

HER BUDDE EG: 30 meter frå Villa Viking budde eg på Villa Benelux. Som dykk ser brukte eg crocs. Ikkje akkurat så flott, men det einaste som dugde i varmen. Eg skifta først når me mellomlanda i København på veg tilbake…

SPELEJOBB: Spelejobb på Villa Viking. Dei hadde berre eit lite karaokeanlegg, men jaggu vart det stemning likavel.

GJENSYN: Verda er ikkje stor. Heilt tilfeldig traff eg på Håkon Birkelund fra Sotra. Det er han som har laga plakaten min, som me står foran.

NY JAKKE: Når eg var i Thailand ville eg nytte sjansen til å få ein ny countryjakke i beste Buck Owens-stil. Denne er longcoat, og den gamle har Lars Egil Vågeseter i Vassendgutane overtatt.

NÅR EG FØRST VAR I GONG: Måtte jo ta eit bilde med den ferdige jakka og skreddaren og.

STORE JOHN: Eg spelte også på den irske puben Ryans Daugther der mannen i grønt, Big John, var sjef. Der likte dei ikkje nymotens country, og “Take me home, country roads” var det beste eg kunne synga til dei.

NETT SO HEIME: Uansett kvar eg spelar finn både hattar, parykkar og blomstarkransar vegen opp på scena til meg. I Thailand var det akkurat slik også.

INTERVJU: Denne journalisten frå ein av avisene i Phuket ville ha eit intervju med meg, men han vart i grunn mest opprørt over å høyra ølprisane heime i Noreg.

NATTVOGNADAGTID: Slike vogner gjekk rundt heile døgnet med forskjellig mat på. Eg holdt meg til kylling, men ein kunne kosa seg med froskar og skorpionar også om ein ville. Eg sleit med matforgiftning ein av dagane. Då gjekk eg fra scena og ut for å spy mellom kvar sang, men da gjekk no bra.

Vel no har dykk fått eit lite innblikk i korleis eg hadde det i Thailand. Ha ei fortsatt god jul, og eit strålande nytt år! Ikkje gløym at Vassendgutane speler på Ricks i Bergen i kveld, og på Old River Saloon i morgon. På søndag er eg tilbake på Skipperstuen!

Leifen

Draumejobben

På mandag dreg eg til min mest eksotiske spelejobb nokosinne. I 14 dagar skal eg spele på norske barer i Thailand. For meg er det ein draumejobb!

Eg har aldri vore på den sida av verda før, så eg er veldig spent. Det er ein kompis frå Sotra som har overtalt meg til å ta jobben. Han skal ned der samtundes, så då passa det veldig bra å vere med.

For å vera heilt ærleg, veit eg ikkje kva som ventar meg der nede. Men eg gledar meg. Dei ba meg om å ta med ekstra mykje norske sangar, så eg har øvd inn nokon nye til anledningen. Dei skal få både Teddy Nelson og Johannes Kleppevik. Eg skal spele på forskjellige barar i Phuket når Patong Beach. Den første plassen heiter Villa Viking, eg er også booka på Harrys. Så får me håpa at eg vert godt mottatt.

Det næraste eg har vore Thailand før er dette hodeplagget eg fekk i gåve ein gong Hehe!

Det er spelepause for Vassendgutane i denne perioden, og difor tek eg sjansen på ein tur utanom det vanlege. Så vert det tilbake til det gamle og gode når eg kjem tilbake. Eg håpar det vert like fint som dei seier det skal bli, så eg kjem tilbake brun og fin. Hehe!

Eg har klær til vinteren når eg kjem tilbake også!

Før eg dreg skal eg spele på Skipperstuen i morgon. På laurdag kan dykk høra meg på UtenRicks i Knarvik, før det vert avslutningsfest på Skipperstuen søndag. Dei har fått ein knakande god vikar når eg er vekke, bror min Frode tek over. Det vert bra!

Me sjåast!
Leifen

PS! Vassendgutane har jo ein sang om Thailand også, når eg tenkjer meg om:

Klar for cupfinalefest

Eg skal med spele med VassendgutaneAalesunds cupfest på Rådhusplassen på lørdag.

Mi eiga fotballkarriere er ikkje mykje å skryte av. Eg sulla nokre år rundt på Nest-Sotra i ungdommen, men forsto fort at talentet mitt var begrensa. Så eg ga opp fotballen, og via meg til gitaren. Det har eg aldri angra på.

Eigentleg har ikkje tenkt så mykje på fotball sidan åra i Nest, men sist helg kom den inn igjen i livet mitt. Eg skal som sagt ikkje påstå at eg er nokon fotball-fan, men sjølv eg fekk med meg at Brann slo Rosenborg 6-3 på Lerkendal. For fyrste gang i karriere starta eg jobben på Skipperstuen i Bergen med å spele Brann-sangen.

No er no ein gong Vassendgutane fra Sunnmøre. Og sunnmøringar flotte folk, og det vert heilt sikkert ein kjekk kveld i Oslo på Rådhusplassen.

Helsing
Leifen

Me i Vassendgutane har allereie fått både gull- og platinaplate for Riskrem & Entrekått

De fem beste brune pubane

I eit langt liv som trubadur har eg nok spelt på over 1000 pubar her i landet. Nokon av dei har eksistert i kortare perioder, mens andre serverer øl til tørste stamgjestar enno. Mange av dei har vore det ein kallar brune pubar. Her serverast øl til stamgjester, levande musikk på ei ikkje altfor stor scene og stort hjarterom.

Fem av dei eg hugsar aller best, og som serverer kundar enno er desse:

Skipperstuen, Bergen
Execellent, El Paso, Showboat og Bangla. Skipperstuen har hatt mange navn, men stort sett dei same gjestane. Eg har spelt her nesten heile tida. Det er puben min. Her kjenner eg nesten kvar gjest, og veit kva songar dei forventer seg i løpet av kvelden. I baren står svigerinna mi, og resten av personalet kjenner eg også godt. Nesten kvar einaste torsdag og søndag spelar eg har, og eg hadde ikkje gjort det om eg ikkje trivs så godt. Her er det rom for alle. Frå Tore Tang til direktør Carlsen. Skuespelarar, journalistar og andre musikare er også innom. Levande musikk fem dagar i veka. Det er rett og slett min type plass.

På spelejobb på Skippern

Sir Toby, Haugesund
Huset ser forfallent ut når ein kjem mot det, men det er godt brukt. Eg spelte mykje på denne puben på 90-talet. Den ser gjerne ikkje så flott ut på utsida, men kjem du inn er det ein flott atmosfære. For meg handlar slike brune pubar om stamgjestane, dei som serverer og levande musikk. Det er flotte folk på alle plassane eg skriv om no. Sjølv om det er nokra år sidan eg spelte på Sir Toby sist, er eg alltid innom når Vassendgutane spelar i Haugesund. Der treff eg mange av de same som eg såg då eg spelte der.

Mack Kjelleren, Haugesund
Nok ein plass med mange stamgjestar. Det er nok mange bergensarar som har tatt båten til Haugesund og gått rett inn på Mackkjellaren, som ligg like ved sida av kaien. Her er det mange musikare som går fast, og eigaren Einar er ein flott fyr som tek vare på plassen. Faktisk er det Einar som arrangerar, saman med andre, dei fleste av konsertane til Vassendgutane i Haugesund.

Gutenberg, Åkra
Det vert tre pubar fra området rundt Haugesund, men det var fordi eg spelte så mykje i dette området før i tida. Dette er også ein pub etter mitt hjarte. Minner om ein amerikansk saloon, med benker og store bord. Her er det også mange stamgjestar, og enkelte av dei helgane eg spelte der fekk ikje alle som ville komme inn. Så populær var plassen. Det er ein stad med sjarm.

Norlænningen, Bodø
Den siste brune puben eg vil nemna finn me i Bodø. Norlænningen ligg nede i ein kjellar. Eit langt lokale, som får tankene til ein ølhall. Her spelte eg ei hel veke om gangen, og hugsar at det var lange jobbar, sidan plassen ikkje stenger før halv fire. Uansett ein plass med stor sjarm, godt humør og flott gjestar. Her trur eg du finn alt fra studentar til dei meir hardbarka folka i byen.

Ta dykk ein tur på nokre av disse plassane om dykk skulle være i nærleiken. Dei er absolutt verdt eit besøk.

Helsing
Leifen

Sommarens flotte møter

Hei!

Det har vore ei travel tid, og eg beklagar at eg ikke har fått laga blogg i det siste. Men no er hausten komen, og eg syns det ville vere fint og mimra litt om sommaren no. Sjølv om det har regna mykje vart det en minnerik sommar for meg. Det skuldast alle dykk som har dukka opp på konsertane våre med Vassendgutane, og nokre minnerike møter med flotte countryartistar.

I Breim traff eg Billy Yates. Han var låtskrivar for countrylegenda George Jones. Då me spelte Ungkar med dobbeltseng, sto han bak scena. De som var der fortalde meg at han lyste opp: They’re plaing my song! Det var nemleg Billy som skreiv orginalen, Lone Ranger. Etter konserten tok eg meg en lang prat med han, og då kom det fram at han også var låtskrivar på Choices, som nokre av dykk kjenner som Siste dans med Vassendgutane.

I Breim var også dattera til George Jones, Georgetta. Ho vart også glad for å høyre farens sangar på norsk. Eg hadde faktisk møtt ho, heilt tilbake i 1996. Det var i Nashville, og då eg minna ho på det lo ho godt. Ho var jo berre barnet den gong!

Siste festivalen vi var på denne sommaren var i Lofoten. Der kom også sommarens høgdepunkt. Heilt sidan ein av brødrene mine tok med seg ei plate med Buck Owens heim fra USA har eg vore fan av han. Buck har vore ein inspirasjon for meg i heile karriera. Då me var i Lofoten skulle også sonen hans, Buddy Alan Owens, spele der. Eg traff han tilfeldig i resepsjonen på hotellet me budde. Det vart ein lang og god prat. Konserten hans var også ei stor oppleving. Ikkje berre såg han ut som faren, han sang som han og. Rett og slett ei hellig stund for meg!

Sommaren er over, og hausten er komen. Denne månaden har eg fått tre triste beskjeder om musikkameratar som er gått bort. Egil Gille Larsen var landets beste tolkar av Waylon Jennings, og det er trist at me ikkje får høyra han igjen. Den engelsk-amerikanske duoen Smooth Brother var ofte i Bergen. For nokre veker sidan døde både Tim Wright og James Exzell i løpet av kort tid. Me vi gjerne hylle dei med ei minnekonsert på Skipperstuen 29. september. Rest in peace, mates!

Helsing
Leifen

Gjensyn med Tanya Tucker

Eg har tidlegare fortald om at eg har møtt den amerikanske countrystjerna Tanya Tucker nokre gongar. Då Vassendgutane på countryfestivalen i Seljord sist helg fekk eg helst på ho igjen.

Om eg skal vere ærleg var eg usikker på om ho kom til å kjenne meg igjen. Det var tross alt 15 år sidan sist. Men då eg snakka om bursdagsfesten hennar eg hadde ”invadert” saman med vår felles kamerat, Greg Perkins, i 1996 kom det fort: Ah, the blond norwegian. I remember you!

Møtet skjedde like bak scena då ho var ferdig å spele. Det var Arthur, hans fru og eg som fekk det eksklusive møtet. Trur det var den einaste måten me kunne møtt ho på. Ellers var ho omringa av folk som passa på at ingen kom for nære.

Grunnen til at eg ville møta ho, var at eg ville ha signert bilete Dag Wolf fra Åsmund Åmli Band og eg tok den gongen i 1996. Den skreiv ho med glede. Me fekk også møte dattera hennar, Presley, som er si mor opp av dage.

Ein hyggelig avslutning før nokre veker med fri for oss i Vassendgutane. Men så roleg vert det ikkje for min del. Eg har har hagearbeid som ventar, og en altan som skal byggast…

Hugs å meld dykk inn i fangruppa mi på Facebook.

Me sjåast!

Helsing
Leifen

Her kan du sjå bileta frå møtene med Tanya Tucker og dattera hennar:

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Årets travlaste månad

For nokon er juli månad ferie, men for meg har det alltid vore dei travlaste vekene i heile året. Slik er det for de fleste som speler country.

Sommaren er festivaltid, og 2011 er ikkje noko unntak. Vassendgutane har allereie spelt på fleire festivaler, og no kjem dei på rad og rekkje fremover.

Akkurat no er det berre minuttar att før me skal spele i Allsang på Grensen. Programmet kan du sjå på TV 2 i morgon. Kryssar fingrane for at det vert bra.

I morgon går turen vidare til countryfestivalen på Vinstra, før Eidfjord og Motangen ventar resten av helga. Neste veke er me like mykje på vegen. Då er det VG-lista i Bergen på onsdag, båtfestival i Ålesund, countrytreffet i Brem på fredag før me avsluttar i Åndalsnes på laurdagen. Helga etter er det countryfestival i Ose og Koppangmartn. Siste helga i juli spelar mer på countryfestivalen i Seljord. Programmet er med andre ord tettpakka.

De to første vekene i august er det heldigvis ferie. Det treng ein etter mange konsertar i juli. Då skal eg rett og slett berre slappa av. Nyte livet med familien og ta meg ei veke på tur. Den tida er noko eg ser fram til kvart år. Alle festivalspelinga er med å gje sommarkjensla kvart år, og då veit ein at ferien kjem etterpå.

Men etter nesten tre veker uten speling med resten av gutane er det alltid godt å sjåast igjen. Då klør ein i fingrane etter å spele saman igjen.

Ha ein flott festivalsommar!

Helsing
Leifen

Stål-Lars

Dei aller fleste av oss ville ikkje hatt peiling på korleis ein får lyd i ein steelgitar. Heilt sidan den vart utvikla på slutten av 1800- og starten av 1900-tallet på Hawaii har den fantasiske lyden fascinert meg. I Vassendgutane er det Lars Egil Vågseter som trakterar dette vanskelege instrumentet, og no let eg han overta resten av dette blogginnlegget, der han fortel si historie om korleis han vart ein steelgitarist:

Hei folkens!
Jeg ble som mange andre fascinert av steelgitaren gjennom Buck Owens sin musikk, der hans steelgitarist Tom Brumley imponerte med nydelige toner fra dette instrumentet. Dette var på midten av 1960-tallet. Det var da eg bestemte meg for at eg skulle lære meg dette, men det skulle enda ta litt tid før eg fikk min egen. Karrieren min startet nemlig på el-gitar, i likhet med Leifen, og det holdt jeg på med frem 1981. Da fikk jeg tak i min aller første steelgitar.

Grunnen til det var Nils Farstad. Han var en sambygding i Molde, som også spilte steel. Begynnelsen var fæl. Jeg hadde ingen instruksjonsbok, og måtte ta det meste på kva jeg følte var rett. Den ble stemt opp etter følelsen. Jeg hørte på plater, og stemte slik det hørtes ut. Da jeg litt senere fikk en instruksjonsbok i hus viste det seg at følelsen jeg hadde hatt var rett. Det meste stemte.

Noe av utstyret på steelgitaren min. Bildene er tatt av Kåre Basso:

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene

Så startet en lang øvingsprosess. Natt og dag i ett år. Det var tungt å sitte alene å øve, og jeg er sikker på at det neppe hadde blitt noe meir av det om jeg ikke hadde blitt med i bandet Invaders. Det tvang meg til å praktisere steelgitar på en scene, foran folk. Det gikk ikkje alltid like bra i starten, men det kom seg. Mange sitter i et øvingslokale og spiller på steelen sin. For meg var det viktig å komme seg ut av lokalet og bli en del av et band. En kan ikke holde på alene i lengden,

Jeg kommer aldri til å bli utlært på dette vakre instrumentet, som nærmest synger det en spiller på den. Det er en stor utfordring å spille steel. Det er fort å gjøre feil, og blir det feil høres det surt ut. Da blir man forbannet. Derfor må en holde spillingen ved like. Jeg øver nesten hver eneste dag.

For å få tonene ut av min ZumSteel SD10 bruker jeg plekter på tommel, langefinger og pekerfinger. Dette er på høyrehånden min, mens eg har et spillestål som eg flytter opp og ned på halsen av steelgitaren. Jeg har også kne og fotpedaler som hever og senker toningen på instrumentet.

I Norge har vi steelgitarister et godt samhold, og vi støtter hverandre i tykt og tynt. I Bergen har Dag Wolf og Egil Skjelnes vært en enorm støtte for meg. Dag har fortalt meg mye om utstyr og spilling. Jeg handler også utstyret mitt gjennom han. Bergen har en rekke gode steelgitarister, og kan være meget stolt av miljøet sitt der.

PS! Vassendgutane spelar på Rock Cafe i Bodø i kveld, og i Helgelandshallen (Sandnessjøen) i morgen.

Hilsen
Lars

Og her kan dere høre og se meg spille steelgitar:

Leifs noter

Følges av 116 medlemmer.

Leif Aase (født 03.11.1963) fra Sotra er gitarist i og har spilt med alt fra Teddy Nelson og Johannes Kleppevik til Vassendgutane. I bloggen Leifs noter forteller han om livet på veien med bandet og hans mange andre musikkopplevelser. Les mer om Leif
Mer om sonen

Origo Leifs noter er en sone på Origo. Les mer
Annonse

Nye bilder